Ramslauk er ein viltveksande urt, som veks langs kysten og nord til Trøndelag.

Den er kjent som Vikinganes kvitlauk, og den har dei same helsebringande eigenskapane som kvitlauken.

Den er mellom anna rik på c-vitamin og antioksidantar, virkar forebyggjande på hjarte-kar sjukdomar og styrkar fordøyinga.

 

Bedrifta Ramslaukprodukt, held til i den vesle bygda Norddal, på Sunnmøre. Her bur omlag 130 innbyggjarar, som er omgitt av

høge fjell, fjord og vakker natur. Ei lita perle ein med rett kan vera stolt av.

 

Ramslaukprodukt produserar ramslaukpure, ramslaukolje og ramslauksalt for sal. Våre ramslaukprodukt vert laga av nyplukka fersk

ramslauk, som vi haustar i april/mai, når ramslauken er på sitt beste. Produkta våre er ikkje frysebehandla, og beheldt godt smaken.

 

I Norddal brenn fleir av oss for å satse på lokale produkt, og i tillegg til ramslaukprodukt, er her produsentar av både saft, syltetøy og gelear,

kjekjøt, honning og øl. Sauepels med trykk, og kjeskinn, og ikkje minst ulike hudprodukt som vert laga i Klosteret i bygda.

For den som vil ha seg eit godt måltid, og kanskje ei seng, ynskjar Petrines Gjestgiveri hjarteleg velkomen.

 

Har du lyst til å sjå nærare på det Norddal har å by på, kan du gå inn på www.thehappyendnorddal.com .

 

 

 

VÅRE PRODUKT :

 

Ramslaukpure´ : Inneheld ramslaukblad, rapsolje og havsalt.

Egnar seg godt til stort sett all mat, som kjøtt, fisk og sjømat, i urtesmør, som dressing, i marinadar,

i supper og dip, på pizza, til pasta, blanda i eggerøre, potetsalatar, potetmos, på pizza, til ostar

eller som eit løft til pålegget på brødskiva.

Ramslaukpureen kan nyttas rett frå glaset, eller blandast i t.d. smør, majones eller rømme.

 

Ramslaukolje : Inneheld uttrekk frå ramslaukblad, rapsolje, litt salt.

Eignar seg mellom anna på salat, i dressingar, dip og majonesar, som smaktilsetning til ulike rettar.

Bør ikkje nyttast til steiking, då den mistar mykje av smaken ved høg temperatur.

 

Ramslauksalt : Inneheld havsalt, ramslaukblad, litt rapsolje. Eignar seg på egg og omelett, lyst kjøt, på kokte/steikte grønsaker m.m.

 

FOR BESTILLING / KONTAKT: ramslauk@icloud.com Tlf. 99 01 70 95

eller ved nettbutikken https://stoltmat.ecwid.com

Unni Bjørnstad Hjelle og Kåre Hjelle, Rellingsvegen 34, 6214 Norddal.

 

LIK OG DEL gjerne vår side, RAMSLAUKPRODUKT, på FACEBOOK, der vi legg ut oppskriftar og serveringsforslag.

Nokre tips til gode smaksopplevingar :

 

RAMSLAUKSMØR:

2 ss. ramslaukpure

200 g. smør

- bland saman, pakk inn og sett i kjøleskap.

Godt til kjøtt, fisk og sjømat.

 

RAMSLAUKRØMME:

2 ss. ramslaukpure

3 dl. rømme

Godt på salatar og som dipp.

 

RAMSLAUKMAJONES:

1 pk.manjones

ca 2 ss. ramslaukpure

 

Godt til sjømat.

 

 

Ramslaukprodukt frå Norddal :

 

Ramslaukpure 110 ml. kr.100,- ink.mva

 

Ramslaukolje 200 ml. kr.125,- ink.mva

Ramslauksalt 70 g. kr. 88,- ink.mva

Fraktkostnader etter postverkets prisar og eksp.gebyr kjem i tillegg.